Tilbake til alle arrangementer

Jon Hjørnevik - Påfuglen som tråkka i møtematen


Endeleg kjem Jon Hjørnevik til Ålesund! Med seg har han ein tung ladning med grumsete dikt. Hald fast i duken og gjer klar for eit lyrisk møte mellom sjuke vestlandstankar og det perfekte, hovmodige og alt for ambisiøse der ute i verda. Dette er skakt og gale og på kollisjonskurs frå første strofe.


Rimsmeden, komikaren og diktaren Jon Hjørnevik er ute med ny hårreisande diktsamling. I "Påfuglen som trakka i møtematen" er alle former for skit samla mellom to alt for pene permar.


Ps. For dei som ikkje likar dikt er Dagfinn Iversen sine gitartonar ei trøyst.

Forrige
Forrige
30. april

Deadwood Chronicles

Neste
Neste
11. mai

Visekveld på Teaterfabrikken