Frode Grytten i samtale med Bjørn Vatne
"Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidleg. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest. (...) Nils Vik snur seg. Huset glir straks ut av synet. Neste gong han snur seg, vil han ikkje kunne sjå det."
Dette er eit sitat frå Frode Grytten si siste bok, Den dagen Nils Vik døde, ein roman om ein mann som berre har elska ei kvinne, som elskar ho framleis, og som nå legg ut på si siste reise. Frode Grytten samtalar med Bjørn Vatne.
Frode Grytten slo for alvor gjennom som forfattar med romanen Bikubesong. Denne ga ham både nominasjon til Nordisk råds litteraturpris og stor lukke gjennom teateroppføring ved Det Norske Teateret. Den siste utgjevinga hans, romanen Den dagen Nils Vik døde, fekk Brageprisen i 2023 og Bibliotekenes litteraturpris i 2024.
Fleire av bøkene er omsette til andre språk, mellom anna engelsk, tysk og kinesisk.