Teaterfabrikken

Starter: 06.05.2022 - 19:30
Avsluttes: 06.05.2022 - 23:59

Påfuglen som trakka i møtematen

 

BILLETTER HER

Endeleg, eller dessverre, kjem Jon Hjørnevik til Ålesund. Med seg har han ein tung ladning med grumsete dikt. 
Hald fast i duken og gjer klar for eit lyrisk møte mellom sjuke vestlandstankar og det perfekte, hovmodige og alt for ambisiøse der ute i verda. Dette er skakt og gale og på kollisjonskurs frå første strofe. 
Rimsmeden, komikaren og diktaren Jon Hjørnevik er ute med ny hårreisande diktsamling. I "Påfuglen som trakka i møtematen" er alle former for skit samla mellom to alt for pene permar. 
Heller ikkje diktaren sjølv slepp unna sin eigen penn. Vel møtt til nye og gamle klassikarar eller greatest dikts.
Ps. For dei som ikkje likar dikt er Dagfinn Iversen sine gitartonar ei trøyst.

Dørene åpner; 19:30

Start: 21:00



Tilbake til kalender
Personvern