Odd Nordstoga - Før du går

Konsert · Ole Bull Scene, Bergen · 20. januar

Odd Nordstoga - Før du går
Neste
onsdag 20. januar, kl. 18:00
Adresse
Øvre Ole Bullsplass 3, 5012 Bergen
Type
Konsert, Other
Med
Odd Nordstoga
Ticketmaster

Billettene selges av Ticketmaster.

Se arrangementet hos Ticketmaster

Dato og tid

Om arrangementet

Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann.

Han får oss til å danse og han får oss til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera.

Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg -- i høgtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar.

Odd er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa. No er han aktuell med ny, strålande musikk.

Teksten er fra arrangøren via Ticketmaster.

Om scenen: Ole Bull Scene, Bergen

Ole Bull Scene, Bergen ligger i Øvre Ole Bullsplass 3, 5012 Bergen. Se kartet Se alt som skjer på Ole Bull Scene, Bergen.

Mer konsert i Bergen

Se hele kalenderen for konsert

KildeDatoer og tekst kommer fra Ticketmaster og oppdateres flere ganger om dagen. Sjekk alltid tid, pris og aldersgrense hos arrangøren før du kjøper.